-
Aktiv på Dagtid i Bykle
Er du heime på dagtid og ønskjer å vere med på ein aktivitet saman med andre? Frivilligsentralen har starta opp nye aktivitetar i haust i tillegg til tidlegare aktivitetar. Aktivitetane har lågterskelprofil. Det vil seie at alle kan bli med, uavhengig av fysisk form. Du bestemmer sjølv intensitet og tempo. Målet er at du skal oppleve aktivitetsglede saman med andre!
Transport med bygdebuss
Bykle kommune har gratis bygdebuss to dagar i veka.Alle som er i Bykle kommune kan få gratis skyss av bygdebussen. Det er AKT Svipp som driftar bussen. Ein kan tinge skyss med om ein skal på butikken, til lege eller noko anna. Ordninga er ei samkøyringsteneste der fleire skal med, så ein må berekne litt god tid.
To dagar i veka
Måndagar og torsdagar frå 08.30-14.30 kan ein bestille seg skyss.
- Når ein bestiller skyss kan ein også leggje inn melding om ein treng hjelp til noko i samband med turen. Servicenivået her skal vere høgt, seier Trine Tharaldsen i Bykle kommune.
Bykle kommune har finansiert ordninga i eitt år med 540.000 kr. AKT Svipp har skote inn like mykje. Det betyr at skyssordninga er i sving i alle fall i to år.
- Så er litt av poenget at ser me at behovet for dette var stort, så aukar sjansen for ei forlenging av ordninga. Bruk gjerne dette tilbodet om ein så bare har lyst på ein liten kafétur. Det må ikkje vere ein stor og viktig avtale for å be om transport. Er interessa laber, blir det fort med desse to åra, difor er det viktigt at tilbodet blir nytta, seier Tharaldsen.
Kan få teknisk hjelp
For den som skal bestille tur er det altså bare å gå inn via snarvegen ein kan laste ned på mobil eller data, skrive kor og kva tid ein treng å bli henta, og kor ein skal. Viss ein til dømes skal til lege, er det viktig å skrive tidspunktet ein skal vere på plass og altså å ha i mente at sidan det kan vere fleire passasjerar som skal med på turen må ein berekne litt god tid. Bussen som skal nyttast er tilrettelagt både for rullator og rullestol.
- Me kjem til å orientere om dette tilbodet mellom anna på dagsenter og andre stader der me trur det er aktuelle brukarar. Dei som slit med å laste ned løysinga kan ta kontakt, så vil Bykle kommune hjelpe til, seier Trine Tharaldsen.
Henne når du på e-post HER
Den som vil inn på AKT Svipp og registrere seg så ein kan bruke bygdebussen kan gjere det HER
Svipp.akt.no kan ein også ringe på telefon 90716815
Del på:
-
Bading i symjehallen Bykle
Onsdagar er det bading i symjehallen på Bykle samfunnshus. Tidspunkt: Kl. 16.30 -18.00 Familiebading, Kl. 18.00 - l9.00 Vaksenbading. Tilbodet følger skuleruta.
-
Besøkstjeneste Bykle
HAR DU LITT TID TIL OVERS? BLI BESØKSVENN! Ensomhet kan være vondt. Vi har medmennesker i Bykle som har lite sosial kontakt med andre eller ingen nære venner å snakke med. En samtalepartner, en turvenn, et vennlig ansikt eller en kopp kaffe med en venn kan gjøre dagen så mye lysere.
-
Bli kjend-treff på Vaksenopplæringa
Til alle karar og kvende, unge og gamle i Bykle kommune! Våre ukrainske byklarar ynskjer å bli kjende med fleire og å snakke norsk. Kom gjerne innom på vaksenopplæringa (ved sidan av rådhuset) mellom kl.11:15-12:00 onsdagar, for ein uhøgtidleg prat og ein kaffikopp🙂
-
Boksirkel
Boksirkel er for deg som liker å lese bøker og som gjerne vil diskutere det du har lese med andre.