-
ABC for god psykisk helse
Med tre enkle grep kan du styrke din egen og andres psykiske helse.
Gratis lån av skiutstyr til fastbuande i Bykle kommune
Bykle kommune har i samarbeid med Hovden Alpin Resort kome fram til ein avtale om å låne ut skiutstyr gratis til fastbuande i kommunen.Lånetilbodet gjeld for dei som er folkeregistrert i Bykle kommune. Skisenteret har stor utstyrspark og folk med kompetanse som kan tilpasse utstyr til den enkelte. Du kan låne både alpin, langrenn og snowboard, sko, stavar og hjelm. Skilånekortet er laga av kultur og fritid i Bykle kommune, og kan hentast i resepsjonen i Hovden grendehus eller i biblioteket i Bykle samfunnshus. Kvar gong ein skal låne utstyr, må ein vise fram gyldig skilånekort. Lånetakar må vere minst 10 år for å låne utstyr aleine, og ein kan låne utstyret i inntil to dagar om gonga. Ein kan bare låne eitt sett utstyr om gonga, og den som lånar utstyret er økonomisk ansvarleg viss ein skulle øydeleggje noko.
Del på:
-
Aktiv på Dagtid i Bykle
Frivilligsentralen er glade for å kunne tilby ei rekkje med aktivitetar. «Aktiv på dagtid» består av tre ulike aktivitetar som passar for deg som vil vere med på noko triveleg, enten du har ledig tid på dagtid eller ønskjer å ta ein pause i arbeidstida. Her er det plass til ALLE, uavhengig av alder, fysisk form og livssituasjon. Det viktigaste er at du har lyst til å vere med, oppleve glede og fellesskap, og skape nye minner saman med andre. Velkomen!
-
Bading i symjehallen Bykle
Onsdagar er det bading i symjehallen på Bykle samfunnshus.
-
Besøkstjeneste Bykle
HAR DU LITT TID TIL OVERS? BLI BESØKSVENN! Ensomhet kan være vondt. Vi har medmennesker i Bykle som har lite sosial kontakt med andre eller ingen nære venner å snakke med. En samtalepartner, en turvenn, et vennlig ansikt eller en kopp kaffe med en venn kan gjøre dagen så mye lysere.
-
Boksirkel
Boksirkel er for deg som liker å lese bøker og som gjerne vil diskutere det du har lese med andre.