-
ABC for god psykisk helse
Med tre enkle grep kan du styrke din egen og andres psykiske helse.
Frivillig i Hovden gjenbruksbutikk
Gjenbruksbutikken på Hovden opna 20. november som eit prøveprosjekt i to månadar. Vi er glade for å kunne fortelje at vi held ope på ubestemt tid! Ønskjer du å vere frivillig i butikken?Hovden gjenbruksbutikk
Hovden gjenbruksbutikk er eit samarbeid mellom Bykle frivilligsentral og Kyrkja i Bykle. Vi brenn for gjenbruk og ønskjer å gjere det enkelt å kjøpe brukt!
Inntektene frå sal av donerte varer går direkte til drifta av butikken, som husleige, straum og andre nødvendige kostnader. Donasjonane dine betyr mykje – tusen takk!
Ønskjer du å vere frivillig i butikken?
Butikken er driven av frivillig innsats. Du vel sjølv kor mykje du ønskjer å vere i butikken.
For å bli frivillig i gjenbruksbutikken må du:
- følgjer gjenbruksbutikken sine retningslinjer og signerer teiepliktserklæring
- opptre profesjonelt
- vere serviceinnstilt
- møte alle kundar med eit smil
- bidra til eit trygt og triveleg miljø
Som frivillig i butikken gjer du:
- prissetje donerte varer
- ryddar i butikken
- sjekkar at betalingar er gjennomførte
- vaskar lokalet
Du må melde deg som frivillig via framsida på nettsida til Bykle frivilligsentral under "jeg kan bidra" og trykk på "Frivillig i Hovden gjenbruksbutikk". Da vil dagled leiar ta kontakt med deg for å gå gjennom retningslinjer.
Kontakt
Har du spørsmål om butikken, kan du kontakte:
📧 kultur@bykle.kommune.no
📞 902 16 856 (mån–fre)
Du er også velkomen til å stikke innom butikken for ein prat med ein av dei hyggelege frivillige som står der.
Opningstider
Torsdag og fredag: 13:00-18:00
Lørdag: 11:00-17:00
Ligger i Fjellgardstun, ved pizzabaker på Hovden.
Del på:
-
Bading i symjehallen Bykle
Onsdagar er det bading i symjehallen på Bykle samfunnshus.
-
Buldrevegg Hovden grendehus
Kilter Board Hovden Grendehus - digital klatrevegg. Kilter Board lyser opp for å vise deg hvor du skal klatre. Velg mellom flere forskjellige nivåer og ruter. Enten du er nybegynner eller en mer erfaren klatrer kan du bli utfordret, siden du selv bestemmer hvilken vanskelighetsgrad du vil ha på klatreruten.
-
Flyktninghjelp Ukraina- sosial støtte og inkludering betyr mye
Har du lyst til å vere til hjelp og gjere noko for flyktningane frå Ukraina, så kan du melde deg her.
-
Foreningsportalen: Lag og organisasjonar i Bykle kommune
Vi er stolte over å ha så mange frivillige lag og organisasjonar i vår kommune. I foreningsportalen kan du finne ei samla oversikt. Lag og foreninger har sjølv høve til å oppdatere informasjon. Ta kontakt med Frivilligsentralen for å få tilgang.