-
ABC for god psykisk helse
Med tre enkle grep kan du styrke din egen og andres psykiske helse.
Privat seljar i Hovden gjenbruksbutikk
Gjenbruksbutikken på Hovden opna 20. november som eit prøveprosjekt i to månadar. Vi er glade for å kunne fortelje at vi held ope på ubestemt tid! Ønskjer du å selje i butikken?Hovden gjenbruksbutikk
Hovden gjenbruksbutikk er eit samarbeid mellom Bykle frivilligsentral og Kyrkja i Bykle. Vi brenn for gjenbruk og ønskjer å gjere det enkelt å kjøpe brukt!
Inntektene frå sal av donerte varer går direkte til drifta av butikken, som husleige, straum og andre nødvendige kostnader. Donasjonane dine betyr mykje – tusen takk!
Privat seljar
Vi ønskjer å gi private seljarar moglegheit til å selje varer gjennom gjenbruksbutikken. Samtidig er butikken heilt avhengig av donerte varer for å halde drifta i gang – som husleige, straum og andre kostnader. Vi set stor pris på at du donerer varer!
Vi ønskjer at alle private seljarar registrerer seg på framsida via nettsida til Bykle frivilligsentral under "jeg kan bidra" og "privat selger i Hovden gjenbruksbutikk".
Kvifor må eg registrere meg?
- For at vi kan kontakte deg raskt ved spørsmål/viktig informasjon
- For å halde oversikt over seljarar
- For å sikre eit trygt og ryddig system i butikken
Som seljar må du:
- lese gjennom retningslinjene for sal i butikken
- møte i butikken for å signere salavtale før du stiller ut varer
- me tar imot det meste du kan bære under armen, så lenge det er helt, pent og rent
Salavtavle mellom seljar og gjenbruksbutikk
Ved å signere denne kontrakten stadfestar du at du har lese og godteke dei følgjande villkåra:
- Som seljar har du registrert deg på bykle.frivilligsentral.no. Du samtykker til å motta informasjon om eventuelle endringer i rutinar eller villkår.
- Alle varer skal være HELE, RENE og PENE - nyvaska når dei kjem i butikk.
- Seljar prissetjer varer i butikkens opningstid.
- Du sel på eige ansvar. Butikken er ikkje ansvarleg for tap, tyveri, skade eller mistede prislappar. Seljar må prissetje og feste lappar godt. Manglar prislapp, tilfell varen butikken. Butikken kan flytte eller fjerne upassande varer.
- Seljar må ha vipps. Vipps-betaling gjerast til nummeret som står på prislappen. Vi tek imot kontantar, og ved kontantkjøp av dine varer kan det ta nokre dagar før du mottar pengane på konto.
- Det er ikkje tillate å selje store møblar, tobakk, alkohol, våpen, fyrverkeri, kvitevarer, barneseter, redningsvestar, pornografisk materiale eller annet som personalet måtte vurdere upassande eller støytande.
- Det er ingen angrerett/bytterett.
Ved brot på desse villkåra kan du bli bedt om å hente varene dine og avslutte salet i butikken.
Kontakt
Har du spørsmål om butikken, kan du kontakte:
📧 kultur@bykle.kommune.no
📞 902 16 856 (mån–fre)
Du er også velkomen til å stikke innom butikken for ein prat med ein av dei hyggelege frivillige som står der.
Opningstider
Torsdag og fredag: 13:00-18:00
Lørdag: 11:00-17:00
Ligger i Fjellgardstun, ved pizzabaker på Hovden.
Del på:
-
Aktiv på Dagtid i Bykle
Frivilligsentralen er glade for å kunne tilby ei rekkje med aktivitetar. «Aktiv på dagtid» består av tre ulike aktivitetar som passar for deg som vil vere med på noko triveleg, enten du har ledig tid på dagtid eller ønskjer å ta ein pause i arbeidstida. Her er det plass til ALLE, uavhengig av alder, fysisk form og livssituasjon. Det viktigaste er at du har lyst til å vere med, oppleve glede og fellesskap, og skape nye minner saman med andre. Velkomen!
-
Bading i symjehallen Bykle
Onsdagar er det bading i symjehallen på Bykle samfunnshus.
-
Buldrevegg Hovden grendehus
Kilter Board Hovden Grendehus - digital klatrevegg. Kilter Board lyser opp for å vise deg hvor du skal klatre. Velg mellom flere forskjellige nivåer og ruter. Enten du er nybegynner eller en mer erfaren klatrer kan du bli utfordret, siden du selv bestemmer hvilken vanskelighetsgrad du vil ha på klatreruten.
-
Data-kafe
Data-kafe er ein stad du kan kome for å få hjelp og veiledning med ulike utfordringar knytta til datamaskiner og mobiltelefonar.