Transport med bygdebuss

Bykle kommune har gratis bygdebuss to dagar i veka.

Alle som er i Bykle kommune kan få gratis skyss av bygdebussen. Det er AKT Svipp som driftar bussen. Ein kan tinge skyss med om ein skal på butikken, til lege eller noko anna. Ordninga er ei samkøyringsteneste der fleire skal med, så ein må berekne litt god tid.

To dagar i veka

Måndagar og torsdagar frå 08.30-14.30 kan ein bestille seg skyss.

- Når ein bestiller skyss kan ein også leggje inn melding om ein treng hjelp til noko i samband med turen. Servicenivået her skal vere høgt, seier Trine Tharaldsen i Bykle kommune.

Bykle kommune har finansiert ordninga i eitt år med 540.000 kr. AKT Svipp har skote inn like mykje. Det betyr at skyssordninga er i sving i alle fall i to år.

- Så er litt av poenget at ser me at behovet for dette var stort, så aukar sjansen for ei forlenging av ordninga. Bruk gjerne dette tilbodet om ein så bare har lyst på ein liten kafétur. Det må ikkje vere ein stor og viktig avtale for å be om transport. Er interessa laber, blir det fort med desse to åra, difor er det viktigt at tilbodet blir nytta, seier Tharaldsen.

Kan få teknisk hjelp

For den som skal bestille tur er det altså bare å gå inn via snarvegen ein kan laste ned på mobil eller data, skrive kor og kva tid ein treng å bli henta, og kor ein skal. Viss ein til dømes skal til lege, er det viktig å skrive tidspunktet ein skal vere på plass og altså å ha i mente at sidan det kan vere fleire passasjerar som skal med på turen må ein berekne litt god tid. Bussen som skal nyttast er tilrettelagt både for rullator og rullestol.

- Me kjem til å orientere om dette tilbodet mellom anna på dagsenter og andre stader der me trur det er aktuelle brukarar. Dei som slit med å laste ned løysinga kan ta kontakt, så vil Bykle kommune hjelpe til, seier Trine Tharaldsen.

Henne når du på e-post HER

Den som vil inn på AKT Svipp og registrere seg så ein kan bruke bygdebussen kan gjere det HER

Svipp.akt.no kan ein også ringe på telefon 90716815



   

2024 © Bykle Frivilligsentral