Aktiv på dagtid består av tre ulike aktivitetar for ALLE!
1. Yoga
Om:
Timane er lagt opp med enkle yogaøvingar, avspenning, pusteteknikkar og mindfulness. Senk skuldrene og demp stress i kroppen! Her er det rom for at du kjem som du er, uavhengig av dagsform.
Instruktør: Line Steine, utdanna yogainstruktør. Tlf: 917 01 414.
Møtestad: Dansesalen, Hovden Grendehus.
Nyttig: Til timen treng du lause, behagelege klede.
2. Turgruppe
Om:
Er du glad i å vere i aktivitet ute og ønskjer nokon å slå følgje med? Eller treng du litt motivasjon for å kome i gang? Vi legg opp til ulike lågterskelturar i nærmiljøet. Gjennom året vil turane variere mellom fotturar i sommarsesongen og skiturar om vinteren.
Kontaktperson: Susanne Bergstø, tlf: 921 17 233.
Møtestad: Hovden Grendehus.
Nyttig: Følg med på Facebook-sida til Bykle Frivilligsentral og i Spond for oppdatert informasjon og eventuelle endringar for vekas tur. Kle deg etter veret!
3. Trimtreff
Om:
Timane går føre seg i trimrommet og nyttar ulike apparat. Øvingane er enkle, med fokus på styrke og balanse, og har ulik vanskegrad slik at dei passar for alle nivå. Mottoet vårt er:
Ein stødig kropp for eit godt liv!
Kontaktpersonar: Bjørg Sissel Tveiten, tlf: 901 40 467 og Aud Skagestad, tlf: 900 70 995
Møtestad: Trimrommet, Bykle Samfunnshus.
Nyttig: Du kan bestille transport med SVIPP-bussen til og frå. Etter trimmen samlast vi til kaffitreff på bygdekafeen i kantina til vaksenopplæringa.
! Viktig informasjon !
Alle aktivitetane blir publiserte i appen «Spond» under gruppa Aktiv på dagtid. Last ned Spond på mobilen din og bruk koden IFZBR for å bli med. Her kan du få varslar om dine aktivitetar!
Har du spørsmål, kontakt Kultur og fritid på e-post kultur@bykle.kommune.no eller telefon 902 16 856 for rettleiing.
Vi følgjer den fylkeskommunale skuleruta for feriar og fridagar.
Kvifor gjer vi dette?
- Aktivitet skal vere gøy, og alle skal kunne vere med!
Her handlar det ikkje berre om trening, men om å skape sosiale møteplassar der du kan treffe både gamle og nye kjente. Å møte nye menneske og oppleve fellesskap er viktig for både kropp og sinn, og det er nettopp dette vi ønskjer å tilby med Aktiv på Dagtid. - Frivilligsentralen i Bykle har gått saman med Brynjeprosjektet og Agder idrettskrets for å utvikle eit lokalt tilpassa program – rett frå hjartet av Bykle, og heilt utan deltakaravgift! Vi vil at alle skal kunne delta, uavhengig av livssituasjon eller fysisk form. Målet er enkelt: Vi vil gi deg ei aktivitet som både er sosial og triveleg, slik at du kan finne glede i bevegelse, fellesskap og nye minne. Det er ingen krav for å vere med – berre lysten til å delta og ha det gøy!
Er du nysgjerrig på den faglege bakgrunnen for alt dette? Sjekk ut lenkene her og bli ein ekspert!
Agderforskning har gjennomført en studie av tiltaket Aktiv på Dagtid:
Fysisk aktive liv i Agder, Kunnskapsgrunnlag og medvirkning, regional plan: