Torsdag 19 November 2026
Kl. 11:00 - 12:00, Bykle Samfunnshus
Trimgruppa Sterke Saman
Frivilligsentralen er glade for å kunne tilby ei rekkje med aktivitetar. «Aktiv på dagtid» består av tre ulike aktivitetar som passar for deg som vil vere med på noko triveleg, enten du har ledig tid på dagtid eller ønskjer å ta ein pause i arbeidstida. Her er det plass til ALLE, uavhengig av alder, fysisk form og livssituasjon. Det viktigaste er at du har lyst til å vere med, oppleve glede og fellesskap, og skape nye minner saman med andre. Velkomen!

Ønskjer du å trene saman med andre for å betre kondisjon, balanse og muskelstyrke? Bli med på ei 45-minutters treningsøkt leia av ein instruktør. Vi gjer enkle øvingar som ikkje krev utstyr. Kom og opplev ei morosam og effektiv trimøkt som gir resultat!

Tid: Annankvar torsdag kl. 11.00–11.45
Oppstart: 4. september
Stad: Gymsalen, Bykle samfunnshus

Sterke Saman går parallelt med trimtreff. Trimrommet er ope – du kan gjerne trimme der om du vil eller bli med på Sterke saman! 

Etterpå går vi til bygdekafeen og skravlar! 

2025 © Bykle Frivilligsentral